Back to All Events

Lazarus av David Bowie + Enda Walsh - Det Norske Teatret

  • Kristian IV’s gt.8 (map)

Endeleg kjem musikalen med musikken til David Bowie til Noreg!

Billettar kjøper du her - det er fleire speletidspunkt enn kva som står i dette eventet: https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/lazarus/

På same tid som David Bowie arbeidde med avskjedsalbumet sitt Blackstar, skreiv han saman med Enda Walsh musikalen som hadde premiere i New York knappe to månadar før popikonet gjekk bort. Med Lazarus trekker han ein musikalske boge frå Black Star tilbake til den musikalske starten og den skakke science-fiction-filmen The man who fell to earth der Bowie sjølv spelte hovudrolla i 1976.

Thomas Newton, ein utanomjordisk karakter, er sendt til jorda for å leite etter vatn til den uttørka planeten han kjem frå. I møte med det umenneskelege blant dei jordiske, knekk han saman. 40 år seinare er han framleis på jorda, dømt til evig liv og forsøker å drukne spøkelsa frå fortida i gin. Dette lykkast han ikkje med, og medan han lengtar etter forløysing, vekslar han mellom verkelegheita og sinnsforvirring. Det handlar om kjærleik og tap av kjærleik, om einsemd og om å kjenne seg framand. Han møter unge jenter, lengtande kvinner og slue menn, men det heile går berre føre seg i sinnet til Newton sjølv. Lazarus er ein poetisk lengt etter døden - med følge av 18 sterke låtar frå Bowies rike katalog.

Anders T. Andersen skal ha regien på Lazarus, som sidan premieren i november 2015 også har vore spelt i London og i ulike tyskspråklege byar. Med seg har han eit songsterkt ensemble på 8, og eit orkester på 7.

Premiere 11. mai 2019!

Foto: Gavin Evans