Back to All Events

🌟 FOSSE-FEST 7.–10. desember 🌟

  • Adresse og sted for arrangementet: Litteraturhuset i Oslo 29 Wergelandsveien Oslo, Oslo, 0167 Norway (map)

Fosse-fest tre dagar til ende!

I samband med at Noregs eigen Jon Fosse får Nobelprisen i litteratur, inviterer vi til folkefest på Litteraturhuset! I samarbeid med Fosse sitt forlag, Det Norske Samlaget, steller vi i stand til tre dagar med feiring

Jon Fosse. Foto: Agnete Brun

Hovudpersonen sjølv vil sjølvsagt vere i Stockholm denne helga, men vi inviterer alle norske lesarar til å feire han hjå oss. Blant Fosse-fans som stiller opp på feiringa er Oslo-biskop Kari Veiteberg, forfattarane Vigdis Hjorth, Tore Renberg, Brit Bildøen, Kathrine Nedrejord, Olaug Nilssen, Kjartan Fløgstad og Brynjulf Jung Tjønn, artisten Sandra Kolstad og skodespelaren Gjertrud Jynge

Det blir mange gratis arrangement for store og små, Kafe Oslo diskar opp med eigen spesiallaga Fosse-meny, og NRK lagar livestudio frå Litteraturhuset laurdagen, der programleiar Siss Vik tek imot ulike gjestar

Bli med og feir Fosse hjå oss!


Fullt program


7. des. 16:45

Äntligen Fosse!

Litteraturhuset, Det Norske Samlaget

Påmelding



9. des. 14:00

Kvar skal ein byrje med Fosse? 

Litteraturhuset, Det Norske Samlaget

Påmelding



9. des. 15:15

Fem om Fosse

Litteraturhuset, Det Norske Samlaget

Påmelding



9. des. 17:00

Fosse i ord og tonar

Litteraturhuset, Det Norske Samlaget

Påmelding



10. des. 12:00

Spelejenta

Litteraturhuset, Det Norske Samlaget

Påmelding



10. des. 13:00

Teikne- og stempelverkstad med Øyvind Torseter

Litteraturhuset, Det Norske Samlaget

Påmelding



10. des. 15:00

Fosse for dumskallar

Litteraturhuset, Det Norske Samlaget

Påmelding



10. des. 16:15

Nobelprisen på storskjerm 

Litteraturhuset

Påmelding


PRESSEMELDING OM ARRANGEMENTET

Litteraturhuset og Det Norske Samlaget inviterer til folkefest for å feire Jon Fosse og forfattarskapen hans i samband med nobelprismarkeringa i Stockholm 7.–10. desember.

 

– Nobelprisen til Jon Fosse er rett og slett eit eventyr. For første gong på nesten hundre år har ein norsk forfattar fått den gjævaste litteraturprisen – for ei anerkjenning av Fosse, norsk litteratur og det nynorske språket! Dette er noko alle i Noreg kan vere stolte av. Medan Fosse er i Stockholm for å ta imot prisen, inviterer vi difor alle bokelskarar, nye og gamle, til å vere med på å feire Fosse og litteraturen hans på Litteraturhuset i Oslo, seier Håkon Kolmannskog, forlagssjef i Samlaget.

 

Blant deltakarane er Oslo-biskop Kari Veiteberg, forfattarane Brit Bildøen, Vigdis Hjorth, Tore Renberg, Kathrine Nedrejord, Kjartan Fløgstad og Brynjulf Jung Tjønn, artist Sandra Kolstad og skodespelar Gjertrud Jynge.

 

Hovudpersonen kjem sjølv til å vere i Stockholm for å ta imot prisen denne helga, men Litteraturhuset strøymer Fosse sitt nobelforedrag direkte på storskjerm torsdag 7. desember klokka 17, i etterkant av ei personleg innleiing frå forfattarkollega Olaug Nilssen.

 

– Vi inviterer til gratis fest for alle, både dei som kjenner forfattarskapen ut og inn, og dei som er nyfikne og lurer på kva ende dei skal starte i. Difor har Litteraturhuset sett saman eit sterkt og variert kunstnarisk program for både barn og vaksne i tre dagar til ende. Fosse har vore og er så betydeleg for så mange forfattarar og andre lesarar, og denne helga skal vi høyre frå nokre av dei, seier dagleg leiar for Stiftelsen Litteraturhuset, Susanne Kaluza.

 

Gjennom helga på Litteraturhuset vil forfattarar og andre ihuga Fosse-fans dele sine favorittar og perspektiv på forfattaren og forfattarskapen. Det blir konsert med tonesette Fosse-dikt ved Sandra Kolstad, Tuva Syvertsen, Ingrid Olava og Gjertrud Jynge, innføring i Fosse for dumskallar ved Linda Eide og Sjur Hjeltnes, og framføring av  Fosse-dramatikk med skodespelarane Trine Wiggen og Vetle Bergan.

 

Også dei minste vil få oppleve Fosse sin litteratur når det søndag 10. desember er klart for musikalsk forteljarstund basert på Spelejenta, ei av Fosse sine mange barnebøker, før illustratør Øyvind Torseter inviterer til teikne-og-stemple-verkstad for teikneglade barn.

 

Kafe Oslo diskar opp med eigen spesiallaga Fosse-meny, og NRK lagar livestudio frå Litteraturhuset laurdagen, der programleiar Siss Vik intervjuar gjester og lage ulike innslag.

   

Earlier Event: December 3
Førjul på Frogner
Later Event: December 9
Julemarked på Vippa