Back to All Events

Kulturkafeen presenterer // Svarteper //

  • Skaperverket Sagene Stockfleths gate 50, 0463 Oslo, Norway (map)


En garde!
SVARTEPER er lyden av det grønne skiftet. Hoffnarren med framtidsvisjoner. Eit musikalsk kommentarfelt til velferdstaten, på godt og vondt. Med godlynte bygdesmil reiser bandet rundt med ein antikvarisk instrumentpark for å treffe enkeltmenneska der ute, gjennom nærgåande tekstar og eit folkeopplysande bodskap med ironiske undertekster og arkaiske skråblikk på tvers av samfunnet. 

39249483_472946306517525_943124949336326144_n.jpg


Bandet kjem ifrå den ruralaristokratiske kulturbygda Ål og er med i den siste dønninga av Hallingbølga som har rent over Oslo dei siste åra.

Andre albumet Antiapatisk lommeparlør blir utgitt 14.september.

Herman Kvelprud er primus motor, tekstforfatter og låtskriver i Svarteper. På konsertane handlar det vel så mykje om dei små anekdotane og historiene han fortel om songane og som vev dei novelleliknande visene saman til ein times reise gjennom oppvåkning og filosofiske tanker om notida.

Det heile badar i lyden av det grønne skiftet.

Denne kvelden kjem Svarteper nedstrippa og i eit akustisk format der tekstane verkeleg kjem til sin rett.
---------------------------------------
Vi ønsker alle velkommen til konsert!
Inngang er gratis og kaffen er av god kvalitet :)

Earlier Event: September 19
Sjokolade- og Vinsmaking
Later Event: September 19
Brasilsamtalen: Presidentvalget