Back to All Events

Karl Seglem, plateslepp på Folkelarm2018

  • Riksscenen Schous kulturbryggeri, Trondheimsveien 2 bygg J/K, 0605 Oslo, Norway (map)

Karl Seglem sin musikk er unik. Han har kobla hardingfela med sin tenorsax og seinare sine bukkehorn, sidan starten av karrieren med band som Utla og Sogn-A-Song. 
Han har dei siste 15 år levert fleire eineståande tingingsverk som komponist og lydproduksjonar som har motteke overstrøymande kritikkar for nyskaping og innovativ samklang.
Karl Seglem har langt på veg lykkast i å forma eit særpreg han er heilt åleine om. Musikken ligg i mange grenseland; 

"Sjanger er eigentleg ikkje så interessant lenger, seier Seglem.
"Eg likar meir og meir å tenkja på det som moderne musikk på min måte". 

36040196_1901099093269958_4556972919669915648_n.jpg


Men Stuart Nicholson i Jazzwise og Terje Mosnes i Dagbladet har tidlegare poengtert at ingen tek arven etter Jan Garbarek vidare på ein så personleg, kraftfull og eigenarta måte som Karl Seglem. Seglem er også tildelt norsk jazz høgste utmerking Buddyprisen, og er nominert til Spellemannprisen i åpen klasse heile 5 ganger.

26.10.2018 kjem nytt album Nunatak. Den første konserten i starten på ein Europa-turne skjer på Folkelarm. Seglem lovar fullt aus frå første tone og gler seg til å spela på Folkelarm for første gang saman med 6 av dei mest framståande folk- og jazz-musikarane i Norge akkurat no.

Earlier Event: November 8
Løchstøer + Ben Leiper på Last Train
Later Event: November 8
Solju - Folkelarm 2018