Back to All Events

Johanne Flottorp - Folkelarm 2018

  • Riksscenen Schous kulturbryggeri, Trondheimsveien 2 bygg J/K, 0605 Oslo Norway (map)

Torsdag på Intimscenen kl. 21:40
Fredag på Intimscenen kl. 18:50

Torsdag på Klubbscenen NRK Folk:LAB kl. 17:30 - 19:30

Johanne Flottorp frå Åmli i Aust-Agder er ein allsidig musikar og ein stødig solist på hardingfele. Når ho er aleine med fela, spelar ho i hovudsak slåttar frå Tovdal, Setesdal og Telemark. Spelestilen hennar er energisk og kraftfull, og ho jobbar med det råe og kvasse i uttrykket der det trengst, kombinert med det såre og vare der det høver betre.

I tillegg til å spele nokre former slik ho har lært dei av læremeistrane sine, synest ho det er viktig å setje sitt eige stempel på spelet. Dette har ho jobba med i mange år, men spesielt dei to siste åra på Noregs musikkhøgskule (NMH) konsentrerte ho seg om dette. Der tok ho tak i nettopp småslåttar frå heimtraktene og byrja å forme dei litt om. Etter at Johanne avslutta studiane på NMH i 2017, har ho halde fram med det samme prosjektet, og i september er ho klar med si første soloplate.

På plata presenterer Johanne favorittslåttane sine. Der får ein høyre alt frå velkjende setesdalsgangarar i nye former til ukjende teleslåttar som ikkje legg noko imellom. Utanom å vere hardingfelesolist, gjer Johanne seg bemerka med fela i Oslos stadig veksande country/amerikana-miljø. Johanne spelar også i trioen Raabygg, som konsentrerer seg om folkemusikk frå Agder.

Johanne Flottorp er:

Johanne Flottorp - hardingfele

Kontaktinformasjon: 

Johanne Flottorp
Johanneflottorp@gmail.com

Soundcloud: https://soundcloud.com/johanneflottorp/sets/slattar

Foto: Heidi Furre

41608619_10157097280661294_6405014733442777088_n.jpg


___________________________________________________________________

Thursday Intimscenen 21:40
Friday Intimscenen 18:50

Thursday Klubbscenen NRK Folk:LAB 17:30 - 19:30

Johanne Flottorp from Åmli in Aust-Agder is a versatile musician and a steady solo hardanger fiddle player. Alone with her fiddle, she is mainly playing tunes from Tovdal, Setesdal and Telemark. Her playing is energetic and powerful, and she’s combining both roughness and the vulnerable in the tunes.

Some versions of the tunes she’s playing, is just as she learned them from her masters. But Johanne is always trying to set her own mark on her playing, and she has been working with this for many years. As a student at the Norwegian Academy of Music (NMH), she explored the short tunes from her hometown and tried to develop them.

In September she is releasing her first solo album. It will contain some of Johanne’s favorite tunes, both well-known gangarar from Setesdal and unknown tunes from Telemark and everything in between.

In addition to playing solo hardanger fiddle, Johanne is also much used as a fiddler in country/americana-bands in Oslo. She is also part of the trio Raabygg, who played at Folkelarm last year with their music from Agder.

Johanne Flottorp is:

Johanne Flottorp - hardingfele

Contact information:

Johanne Flottorp
E-mail: Johanneflottorp@gmail.com

​Soundcloud: https://soundcloud.com/johanneflottorp/sets/slattar

Photo: Heidi Furre