Back to All Events

Filmvisning: Den brysomme mannen

  • Nasjonalbiblioteket Henrik Ibsens gate 110, Solli plass, 0255 Oslo, Norway Oslo Norway (map)


Ein slags nær-framtidsvisjon: Den perfekte fasaden. Det totale mareritt. På overflata har Andreas eit perfekt liv. Kone, vener og bustad er som klipt ut av ein livsstilskatalog. Men under overflata er livet underleg: Andreas veit ikkje kvifor han har hamna i byen han bur i. 

Den brysomme mannen (95 min. Jens Lien, 2005).
Visninga er del av Nasjonalbibliotekets filmprogram «Sideblikk på sivilisasjonen – science fiction i norsk film» som er del av «Fantastiske fremtider», les meir på nb.no: https://www.nb.no/artikler/fantastiske-fremtider/

45104183_10156653869943798_6117425527188881408_o.jpg


SIDEBLIKK PÅ SIVILISASJONEN – SCIENCE FICTION I NORSK FILM

Korleis har framtida sett ut i norsk filmhistorie? Flygande tallerkar over Oslo, kyborgar på brusfabrikkar og dystopiske framtidsvisjonar om ei overfolka verd er noko av det ein kan få med seg på Nasjonalbibliotekets filmprogram denne hausten. Under «Fantastiske fremtider» syner Nasjonalbiblioteket eit utval av norsk science fiction-film, frå studentfilmar på lågbudsjett til påkosta spelefilmar, som har fanga fortidas framtider på lerretet frå 1956 til i dag. 

16. november: Spelefilm: Kvinnens plass
19. november: Kortfilmar: A(r)men, Ufødt, Tørt og kjølig, Bak lukkede dører, Sniffer 
20. november: Spelefilm: Morgenrøde
21. November: Kortfilmar: Rulletrappen, The Factory, Alien Repair Guy, Alle fugler, Mira
22. november: Kortfilmar: Oblidor, Tellus 1000, Tunellen, Omplassering, 2023
23. november: Spelefilm: Den brysomme mannen
27. november: Kortfilmar: Back to Sáivu, A Tale of Harvest, Glassballen, The Final Frontier
28. november: «Science fiction» på NRK: «Sorte var de – med gullskimrende øyne» og «Med rett til å drepe»
30. november: Spelefilm: Sweetwater