Ho Ho Ho! Slit du med julefeelinga? Synest du alt er stress? Får du ikkje til sprø svor? Gruar du deg til besøk av svigermor? Slapp av. La Skodvin og Grytten vise deg kva jula eigentlig handlar om. Korleis jula eigentlig ser ut. På ekte.
Helge Skodvin og Frode Grytten kjem til Tronsmo torsdag 22. november for å prate om prosjektet Deilig er jorden. Santa Skodvin visar frem bileter frå boka, og Frode Grytten vil lese høgt for oss.
Helge Skodvin er fødd tre dagar før julaftan i 1968. Han har vore nominert til Leica Oskar Barnack Award og Magnum Photography Award for sine fotografi. På Facebook regjerer han desember måned som Santa Skodvin.
Frode Grytten (f. 1960) har skrive bøker i dei fleste sjangrar og har vunne fleire prisar. På Flamme er han mest kjend for Det norske huset (2009), med fotografi av Jens Hauge.
Arrangementet er gratis og opne for alle.
Enkel juleservering.