NRK har eit krav om bruk av nynorsk nedfelt i vedtektene sine. Dei når sjeldan kravet på 25 %, men det er ikkje så langt unna. Men på nett er situasjonen annleis. Trass tydelege mål og tiltak, går nynorskdelen på nett ned, frå 18 prosent i 2015 til 16 prosent i 2017. Medietilsynet kom i vår med ein rapport som synte at NRK er i ein særstilling når det kjem til nynorsk journalistikk. Men trass i ein fersk handlingsplan er utviklinga negativ. Kva er årsaka?
Er det av di NRK har rekruttert leiarar frå utsida av NRK-systemet? Er 16-18 % nærare den reelle nynorskprosenten i NRK? Taklar ikkje språkkravet den teknologiske utviklinga?
Innleiing, ordskifte og samvære.
Namn kjem straks!
I samarbeid med Fylkesmållaget Vikværingen.
Støtta av Bergesenstiftelsen.
Vel møtt!