Norsk Målungdom har som mål å ha 1100 betalande meldemmar under 26 år innan årsslutt. Det har vi greidd! Me har no det beste medlemstalet sidan 2008! :D
No går vi for det beste medlemstalet sidan 2005. Målet er 1150 teljande medlemmar før nyttår🎈 (I 2008 hadde me 1138).
Kva kan DU gjere for å skaffe fleire medlemmar til Norsk Målungdom, spør du? No skal du høyre!
Du som ikkje er medlem: ➡ Meld deg inn i Norsk Målungdom! Det kan du gjere med å sende NMU100 + namn, adresse, e-post og fødeår til 2090 💌 Då betalar du 100 kroner og får medlemskap ut 2018! Eventuelt kan du melde deg inn påhttps://malungdom.no/ ➡ Oppmod andre til å melde seg inn!
Du som allereie er medlem: ➡ Betal medlemspengar (viss du ikkje allereie har gjort det). Det gjer du ved å sende MEDLEMSPENGAR til 2090. Det kostar 70 kroner. ➡ Verv folk! ➡ Oppmod andre til å betale medlemspengar!
Men kvifor, spør du? Nynorsk er det beste språket med dei dårlegaste vilkåra. For å gje nynorsken betre vilkår treng me både aktive medlemmar og støttemedlemmar, uavhengig av om dei skriv nynorsk eller bokmål. Ved å melde deg inn i Norsk Målungdom bidreg du til ➡ At nynorskbrukarar får bruke og møte språket sitt i kvardagen ➡ At alle skal få bruke dialekta si der dei vil ➡ At kvensk, dei samiske språka og andre minoritetsspråk skal få støtta dei treng