Det Norske Teatret er et teater som spiller dramatikk på nynorsk og norske dialekter.
Teatret ligger i Oslo og ble grunnlagt 22. november 1912 med Hulda Garborg som styreformann. 6. oktober 1913 hadde det sin første forestilling, Jeppe på Bjerget av Ludvig Holberg, oversatt av Arne Garborg.
Åpningen skjedde med kong Haakon VII til stede. En av de første forestillingene var preget av teaterslag i selve teatret, der riksmålsungdommer og nynorsktilhengere havnet i et blodig slagsmål. Noe av det samme hendte også i 1948, da teatret fremførte Peer Gynt i nynorsk oversettelse.
Aktuelle saker fra teateret kan du lese nedenfor. Lenger ned på siden kan du også lese program dag for dag.
Kommende arrangementer
Hovudscenen
TRYLLEFLØYTA
Mozarts klassiske meisterverk i ei fortrollande og fantasirik oppsetjing.
Kjøp billett
HEIL VED
Basert på boka av Lars Mytting, med musikk av Stein Torleif Bjella
Kjøp billett
TID FOR GLEDE
Nye framsyningar hausten 2023!
Kjøp billett
ORESTEIA
Ei forteljing om demokratiets fødsel.
Kjøp billett
UT OG STJÆLE SCENER
Kva hender når Det Andre Teatret tek over scenen?
Kjøp billett
VESTURPORT I SAMARBEID MED DET NORSKE TEATRET PRESENTERER SIN VERSJON AV DISNEYSFROST
Ei heilt ny iscenesetjing i dei nordiske landa.
Kjøp billett
BYGDELAGSSAMSKIPNADEN100 ÅR MED BYGDER I BYEN
Festframsyning frå Bygdelagssamskipnaden
Kjøp billett
Scene 2
TANTE ULRIKKES VEI
Ei forteljing om det mange ikkje ser, den politisk korrekte elitens blindsone.
Kjøp billett
EI KVINNES KAMPAR OG
FORVANDLINGARAftenposten: «Edouard Louis´ morsportrett er sterk kost på scenen», terningkast 5
Kjøp billett
SPORV OG ENGEL
Aftenposten: «Ildfullt vennskap, glødende musikk», terningkast 5
Kjøp billett
HAUGTUSSA
Garborgs nasjonalepos som suggererande og musikalsk forteljarteater.
Kjøp billett
MATINÉ-TEATER
Gå på teater på dagtid!
Kjøp billett
SUDDEN DEATH
Når verkelegheita bit deg i halen.
Kjøp billett
BYGGMEISTER SOLNESS
av Henrik Ibsen
Kjøp billett
TILGI MEG
av og med Bjarte Tjøstheim
Kjøp billett
Scene 3
SUDDEN DEATH
Når verkelegheita bit deg i halen.
Kjøp billett
I SVARTE SKOGEN INNE
Nytt drama frå Jon Fosse.
Kjøp billett
FOR BARNHANS OG GRETEGratis
Er det lov å ete godteriet til nokon andre, dersom du er veldig, veldig svolten?
Sjå alle tilgjengelege datoar
ALT ER GRATIS*Gratis
Fritt spelerom på Scene 3
Sjå alle tilgjengelege datoar
VI BETALER IKKJE!
VI BETALER IKKJE!Gratisav Dario Fo
Sjå alle tilgjengelege datoar
MATINÉ-TEATER
Gå på teater på dagtid!
Kjøp billett
Bikuben
LUNSJ&LYRIKKGratis
Sjå alle tilgjengelege datoar
INNSIKTINNSIKT FØR TRYLLEFLØYTAGratis
Introduksjon ved Stig Harald Möwenberg
Sjå alle tilgjengelege datoar
INNSIKTINNSIKT FØR ORESTEIAGratis
Introduksjon ved Jørn Øyrehagen Sunde
Sjå alle tilgjengelege datoar
INNSIKT«KRISTIN LAVRANSDOTTER AV SIGRID UNDSET»Gratis
Boklansering i Bikuben på Det Norske Teatret
Sjå alle tilgjengelege datoar
Rommen Scene i Groruddalen
ER MIKROFONEN MIN PÅ?
Kjøp billett
Forestillingen spilles: 4. februar, 15. april, 6. mai, 3. juni og 16. juni.
Kristin Lavransdotter
Scene: Hovedscene - Det Norske Teatret · Oslo
Arrangement fra Det Norske Teatret
Billetter
www.detnorsketeatret.no/framsyningar/kristin-lavransdotter
Sjå Kransen, Husfrue og Korset kvar for seg eller som maratonframsyning.
Det er ei kraftanstrenging av dei sjeldne skodespelarane skal igjennom, når Sigrid Undsets storverk om Kristin Lavransdotter tek form på Hovudscenen i ei åtte timar lang teaterframsyning.
Sara Khorami står framføre si største rolleutfordring når ho skal gi gi liv til den mest kjende kvinna i norsk litteraturhistorie. Den intense kjærleikshistoria mellom Kristin og Erlend har fengsla lesarar gjennom generasjonar. Når historia no blir teater, er uttrykket på scenen rått og moderne, men orda er slik Undset skreiv dei.
Du kan velgje om du vil sjå alle dei tre delane; Kransen, Husfrue og Korset, saman eller kvar for seg. Vil du bli med på maratonteaterdag, så ser du alle dei tre delane på åtte timar (inkl. pauser).
Sjå oppdatert liste over alle speledatoar her: https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar?id=317092
Medverkande:
Kristin: Sara Khorami Erlend: Preben Hodneland Ragnfrid m. fl. : Ane Dahl Torp Jon Bleiklie Devik: Lavrans Broder Edvin m. fl: Joachim Rafaelsen Simon m. fl.: Kristoffer Olsen Åshild m. fl: Heidi Gjermundsen Broch Gunnulf m. fl: Frode Winther Eline m. fl: Kaia Varjord Ramborg m. fl: Ina Svenningdal Sira Eiliv m. fl: Mathias Stoltenberg
Kunstnarleg lag:
Dramatisering: Kjersti Horn og Kristian Lykkeslet Strømskag Regissør: Kjersti Horn Scenograf og kostymedesignar: Sven Haraldsson Videoregissør: Mads Sjøgård Pettersen Lyddesignar: Erik Hedin Lysdesignar: Torkel Skjærven
TRILOGIEN
av Jon Fosse
Forestillingen spilles 9. juni og 15. juni
Huslause og svevnlause vandrar den høggravide Alida og barnefaren Asle rundt i det regntunge Bjørgvin. Dei har måtta forlate heimbygda, og no er tida for at ho skal føde komen, men ingen vil gje dei husrom. I desperasjon tyr det unge paret til drastiske løysingar, som dei seinare blir stilte til ansvar for.
I regissør Luk Percevals dramatisering av Trilogien har han vald at Ales, Alida si dotter og hovudpersonen i siste romanen, Kveldsvævd, som ein gjennomgåande karakter. Ales nøstar opp historia om Alida og Asle, og prøver å setje saman puslespelbitane frå sitt eige liv og liva som blei levde før ho blei fødd.
Regn, vatn, hav og båtar
I Jon Fosses meisterverk,Trilogien, er båtreisa sentral. Dei dramatiske månadane i Bjørgvin, der sonen deira Sigvald blir fødd og Asle må bøte med livet, startar og sluttar med ei båtreise. Og Bjørgvin, Vestlandet, og det alltid nærverande havet, er bakteppet. Scenograf Annette Kurz har også tatt utgangspunkt i båtar når ho har laga scenebilete til framsyninga.
- Regn, vatn, hav og båtar. Det er viktige element i Trilogien. Både som eit bilete eller eit symbol, men også som ein konkret båt. Båtar fortel ei historie om dei som må flytte på seg heile tida, dei heimlause og dei foreldrelause, liksom Asle og Alida. Og sjølvsagt om dei som lever av havet.
Europeisk stjerneregissør i Noreg
Alle som kjenner Fosse veit at repetisjonar, både språkleg og tematisk, er attergangarar i forfattarskapen hans. Repetisjonar som er lette å få auge på også i Trilogien. Sjølv om den tredelte romanen er ei slags krimgåte, er det også ein slektsroman. Ei forteljing som går gjennom generasjonar, der vala ein generasjon tar repeterer seg i den neste. Desse repetisjonane var noko av det som gjorde at Perceval kjende at han måtte gjere trilogien.
- Eg hadde gjort Draum om hausten i München, og var vel kjend med Fosse. Men då eg las Trilogien kjende eg med ein gong ein sterk samanheng mellom mitt eige liv og Fosses tekst. Desse repetisjonane kjennest uunngåelege, det er som om jo meir ein går inn i framtida, jo meir blir ein dradd tilbake i fortida. Ein tenkjer at no gjer eg noko heilt nytt, men eigentleg gjer ein det same igjen og igjen og igjen og igjen, seier regissør Luk Perceval.
VIKLA INN I BLÅTT
– DYLAN PÅ NYNORSK
tekst og musikk av Bob Dylan, gjendikting ved Tom Roger Aadland
Forestillingen spilles følgende datoer: 14/2, 15/2, 8/3, 9/3, 11/4 og 12/4
Sted/Scene: Det Norske Teatret/Hovedscenen
Billetter: Framsyningar | Det Norske Teatret
Kven er eigentleg Bob Dylan? Kven er medverkande i teaterkonserten og kva har Johnny Borgan å seie om hans store helt.
Bob Dylan er musikaren og poeten som kanskje meir enn nokon andre har påverka rockemusikken.
Til denne teaterkonserten har Det Norske Teatrets nye husregissør, Eirik Stubø, fått med seg jazzbandet til broren, Håvard Stubø, for å finne nye sider ved ein av vår tids største poetar. Artist og Dylan-entusiast Tom Roger Aadland har omsett songar som aldri har vore framførte på norsk tidlegare. Det blir både ikoniske hits og mindre kjende songar henta frå nesten heile Dylans karriere; frå andrealbumet The Freewhelin´ Bob Dylan (1963) til den siste utgjevinga hans, Rough and Rowdy Ways (2020).
På scenen står eit songsterkt skodespelarlag klar til å levere sine tolkingar av songane til ein av musikkens og litteraturens meir mangesidige kunstnarar.
Det blir nytta scenerøyk i framsyninga.
Ronja Røverdatter
Ei forteljing om venskap, håp og det å stå opp mot dei vaksne.
Sted/Scene: Det Norske Teatret - Hovedscenen
Forestillingen spilles følgende datoer: 4/3, 7/3, 8/3, 11/3, 12/3, 14/3, 15/3, 17/3, 18/3, 19/3, 21/3, 22/3, 24/3, 25/3, 28/3, 29/3, 30/3, 14/4, 19/4, 23/4, 30/4, 2/5, 2/5, 3/5, 4/5, 10/5, 11/5, 12/5, 13/5, 19/5, 20/5 og 31/5.
Billetter: Framsyningar | Det Norske Teatret
Den natta Ronja blir født, slår lynet ned i Mattis-borga og deler den i to. Ronja Røvardotter er dotter til røvarhøvdingen Mattis, og ho veks opp midt i røvarbanden som det einaste barnet. Men så flyttar erkefienden til Mattis, Borka og røvarbanden hans, inn i den andre delen av borga, og plutseleg er den trygge heimen til Ronja blitt åstad for krangel og bråk. Utanfor borga brenn verda, men likevel vågar Ronja seg ut og tar til å utforske.
Ein dag møter ho sonen til Borka, Birk, og dei to blir som bror og søster – til fedrane si store fortviling. For å kunne vere i lag, og som ein protest mot krigen til foreldra, rømmer dei ut i skogen. Blant villvette, grådvergar og rumpenissar vil dei leve i fred med kvarandre. Men kan familiane deira nokon gong legge vekk stridsøksa? Og er det plass til to høvdingar i borga? Kanskje trengst det to modige barn for å skape endring.
Astrid Lindgrens barneklassikar Ronja Røvardotter er eit frodig eventyr om korleis det er å vere barn i ei kaotisk tid, om å kjempe for det ein meiner er rett, og om livsmot, venskap og å vilje forandre verda.
Mange barn har det som Birk og Ronja
Regissør Catrine Telle ønsker å plassere historia om Ronja i ein moderne ruin med krig og urettferd som bakteppe. Mange barn i verda veks opp under slike forhold i dag. Trass i omstenda blir det leika, levd og danna venskap – også på tvers av konfliktane som går føre seg mellom dei vaksne. I ruinane av krig og død veks det opp tre og blomar.
Passar frå 8 år.
ARE KALVØ
TOPPAR VG-LISTA
Forestillingen spilles følgende datoer: 2/2, 10/2, 21/2, 23/2 og den 27. april.
Billetter: Toppar VG-lista | Framsyningar | Det Norske Teatret
Sted: Det Norske Teatret / Scene 2
Kan det hende at svara på alle dei store spørsmåla om livet ikkje er å finne i litteraturen, filosofien eller religionen? Kan det hende dei er å finne hos Britney Spears og Freddy Kalas?
Kan det hende at svara er å finne i dei skikkeleg populære songane som omgir oss gjennom heile livet? Are Kalvø trur det. Med utgangspunkt i eit knippe songar som har toppa VG-lista dei siste femti åra, prøver Kalvø i denne framsyninga å forstå vår tid og finne meininga med livet. Såpass må det vere. Toppar VG-lista handlar om liv, død, politikk, religion, kjærleik, vennskap, kriser og menn i altfor små shortsar. Og song og dans.
Ein samproduksjon mellom Det Norske Teatret og Teater Vestland, i samarbeid med Are Kalvø.
På turné med Riksteatret og Teater Vestland
ROMEO OG JULIE
av William Shakespeare
Forestillingen spilles på følgende datoer: 31/1, 1/2, 3/2, 5/2, 7/2, 8/2, 17/2, 18/2, 23/2, 25/2, 28/2, 5/3, 10/3, 17/3, 23/3, 26/3, 30/3 og 31/3.
Sted / Scene: Hovedscenen (enkelte datoer Scene 2
Klikk her for billetter -> Romeo og Julie | Framsyningar | Det Norske Teatret
Vi veit alle korleis det går. Romeo og Julie er ei kjærleikserklæring til teateret som illusjon. I vårens versjon spelar dei eldste skodespelarane verdslitteraturens yngste kjærleikspar medan dei yngre kreftene får bryne seg på dei eldre karakterane. Svein Tindberg takkar av som fast tilsett ved teateret etter ei karriere som strekk seg over fem tiår.
Nesten 40 år etter at dei stod på scenen saman som Romeo og Julie, møtest Svein Tindberg og Liv Bernhoft Osa igjen i dei same rollene. I bagasjen har dei nesten ein heil menneskealder av erfaring både med kjærleiken, kunsten og livet sjølv.
Den udøyelege kjærleikshistoria til Shakespeare er den same som sist, likevel blir mykje annleis no når alder er snudd på hovudet: Dei eldste er tenåringar, og dei yngre skodespelarane fyller dei vaksne rollene. Kva hender når to som er eldre, spelar rollene som dei vilt forelska tenåringane Romeo og Julie?
På scenen med skodespelarensemblet er også musikar og artist Bendik (Silje Halstensen). Bendik har mellom anna vore nominert til årets liveartist under P3 Gull, har tre gonger vore nominert til Spellemannprisen i sjangrane årets indie og årets popartist, og i 2017 vann ho NOPAs tekst- og musikkpris. Til Romeo og Julie vil ho både omarbeide eige og andre sitt materiale, og også komponere nytt. Regien er ved Erik Ulfsby og scenografien ved Milja Salovaara.
Kort om Romeo og Julie
Romeo av huset Montague og Julie av huset Capulet er begge ungdomar frå overklassen, men kjenner ikkje kvarandre da handlinga tek til. Julie lever eit beskytta liv og veit ikkje mykje om verda utanfor husmurane. Familiane til dei to har lege i krig så lenge nokon kan hugse, ingen veit lenger kvifor, men miljøet rundt dei er prega av brutalitet og maktspel. Midt i valden og blodutgytinga finn Romeo og Julie kjærleiken. I kvarandre oppdagar dei eit anna menneske som forstår og godtek dei for den dei er. At dei to ikkje kan få kvarandre, gjer berre tiltrekkinga sterkare. Og farlegare. Forelskinga blir ei flukt frå den harde verkelegheita dei er vane med, og eit opprør mot foreldra – ei hemmeleg og giftig pakt som nesten ingen andre veit om.
SEMPER EADEM
av Mimmi Tamba
Ei pumpande hylling til dei som står i ein stadig identitetskamp med, for og mot seg sjølv, og ein hommage til dei som tør å sprenge grenser!
Forestillingen spilles på følgende datoer: 3/2, 7/2, 9/2, 12/2, 19/2, 22/2, 24/2, 1/3 og 7/3
Sted / Scene: Det Norske Teatret - Hovedscenen
I Semper Eadem blir vi vitne til ein identitetskamp som blir utkjempa på mange slagmarker. Artist og skodespelar Mimmi Tamba er født i Noreg, men har røter i Senegal. Ho har levd heile livet mellom to kulturar, og har aldri kunna definere seg som heilt norsk. Tamba har livslang erfaring i å bryte med stereotypiar og normer, både når det gjeld kjønnsidentitet, bakgrunn og musikksjanger.
Elisabeth I sitt motto
"Semper Eadem" var mottoet til dronning Elizabeth I og betyr "evig den same". At Mimmi Tamba valde same tittel på sitt debutalbum, er ikkje tilfeldig. I utviklinga av albumet fann ho både trøyst, inspirasjon og motstand i renessansen og i ho som etter kvart blei ei sjelesøster, Elizabeth I. No tar Det Norske Teatret dette rike og symboltunge verket til scenen og lagar ein visuell og eksplosiv konsertversjon med sterk inspirasjon frå den første elisabetanske tidsepoken. Det blir korsett, krinolinar, lysekronar og fargesterkt konsertlys i eit rått, upolert og grunge-aktig konsertuttrykk.
Identitetskamp
Mimmi Tamba er eg-figur i stykket, og på scenen står ho saman med skodespelar Heidi Gjermundsen Broch, som blir både spegelen og motsatsen til henne sjølv. Ein kamp utspelar seg mellom to karakterar, som eigentleg er ein og same person. I denne splitta tilstanden går kampen om “sjølvet” føre seg. To personar blir sett til verda og inn i roller dei blir forventa å oppfylle. Dei skal bere identiteten dei har fått tildelt, og dei blir gode på det. Men kva skjer når dette splitta sinnet blir sett på prøve? Vil det vere mogleg å gjere opprør, å finne eit rom utanfor det ein er tildelt? Og er ein alltid den same personen, sjølv om ein forsøker å vere noko anna?
Belinda Braza har regi på framsyninga. Saman med scenograf Torkel Skjærven, kostymedesignar Unni Walstad og musikalsk leiar Svenn Erik Kristoffersen forsøker Belinda Braza å skape visuelle, sanselege, musikalske og fysiske bilde med stort fortolkingsrom. Materialet byr på sjangeroverskridande musikk, der delar av lydbildet best kan forståast som renessansepop.
TRYLLEFLØYTA
av Wolfgang Amadeus Mozart og Emanuel Schikaneder
Forestillingen spilles på følgende datoer: 22/4, 25/4, 26/4, 29/4, 2/5, 4/5, 9/5, 12/5, 14/5, 16/5, 20/5, 21/5, 24/5, 25/5 og 26/5.
Sted / Scene: Det Norske Teatret - Hovedscenen
Mozarts klassiske meisterverk i ei fortrollande og fantasirik oppsetjing.
Tryllefløyta er både eit eventyr, ein romantisk komedie og eit syngespel på ei og same tid. Vi møter ein vakker prins, ei fanga prinsesse, eit monster, ein tilsynelatande vond trollmann, fuglefangaren Papageno og sjølvaste Nattas dronning – og det blir mange forviklingar og humoristiske innslag. Regissør Ole Anders Tandberg har tidlegare sett opp ein versjon ved Stockholmsoperaen, full av opptrinn og overdådige scenebilde. Framsyninga blei hylla av kritikarane og trekte eit stort publikum. No skal Tandberg skape ein ny versjon for Det Norske Teatret, i det som vil bli ei feiring av Mozarts livfulle og morosame klassikar.
Det handlar om krafta i kjærleiken og musikken, om kampen mellom det gode og det vonde og om å finne sin veg i livet.
Tryllefløyta på Det Norske Teatret?
Det er kanskje ikkje den mest opplagde tittelen i eit teaterrepertoar, men så er det heller ikkje ei rein operaframsyning som tek form på Hovudscenen til våren. Utgangspunktet for verket var nettopp teaterscenen. Mozart og kompanjongen Schikaneder skreiv faktisk stykket for eit folkeleg teater som eit humoristisk syngespel. Verket har vore elska av publikum og kunstnarar over heile verda heilt sidan det blei skrive i 1791, og inneheld nokre av dei absolutt mest kjende «opera-hitane». Sjølv dei som ikkje reknar seg for å kunne noko særleg om klassisk musikk, vil kunne nikke attkjennande til mange av musikkstykka i Tryllefløyta. Ingmar Bergman omtalte jamvel verket som «verdas beste musikal». Opphavleg blei Tryllefløyta framført på komponistens morsmål, for at det skulle appellere til eit folkeleg publikum, med songarar og skodespelarar side om side. I denne versjonen er det eit reint skodespelarensemble som skal få bryne seg på Mozarts velkjende tonar. Musikken vil få ny orkestrering under leiing av Trond Lindheim.
-
Handlinga i Tryllefløyta
Tryllefløyta er ein opera i to akter av Wolfgang Amadeus Mozart. Den tyske librettoen er skriven av Emanuel Schikaneder.
SKRIVE AV
Erlend Tårnesvik Dreiås
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingansvarleg
Operaen hadde urpremiere i 1791, og det var Mozart sjølv som dirigerte, medan Schikaneder spelte rolla som fuglefangaren Papageno. Berre to månadar seinare døydde Mozart.
AKT I
Tamino, ein kjekk prins, har gått seg vill og blir plutseleg angripen av ein slange. Han svimar av, men blir redda av tre damer. Når Tamino vaknar, møter han fuglefangaren Papageno, og Tamino trur det er Papageno som har redda han frå slangen, noko Papageno gladeleg tek æra for.
Dei tre damene kjem tilbake og viser Tamino eit portrett av ei jente. Det er Pamina, dottera til Nattas dronning, og Tamino blir straks forelska. Dei tre damene fortel at Pamina har blitt kidnappa av den vonde og mektige Sarastro. Tamino tek på seg oppgåva med å finne og frigjere Pamina, og til å hjelpe seg får han ei magisk fløyte som han kan bruke når farar trugar. Papageno blir motvillig med på ferda og får også eit hjelpemiddel: eit klokkespel.
Papageno blir send i førevegen. Akkurat idet han dukkar opp, klarar Pamina å rømme frå fangevaktaren Monostatos. Papageno fortel Pamina at Tamino elskar henne og er på veg for å redde henne. Tre gutar har vist Tamino vegen til visdommens tempel, der han får vite at Pamina lever, og at det ikkje er Sarastro som er vond, men Nattas dronning. Ved hjelp av tryllefløyta kallar Tamino på Papageno. Monostatos og livvaktene tek Papageno og Pamina til fange, men ved hjelp av klokkespelet klarar Papageno å forhekse dei.
Sarastro fører Pamina og Tamino saman. No skal Tamino vise at han er verdig kjærleiken til Pamina.
AKT II
Sarastro vil teste Tamino og Papageno gjennom ein serie prøvingar. Den første prøven består i å teie, sjølv om dei skulle bli freista av kvinners lokkerop og forføringar.
Monostatos prøver å tvinge seg på Pamina, som i siste augneblink blir redda av mora, Nattas dronning. Ho gir dottera ein dolk og krev at ho drep Sarastro. Pamina høyrer fløyta til Tamino. Ho finn han, men blir møtt av tausheita hans og trur at han ikkje elskar henne lenger.
Papageno, som har gitt opp alt som handlar om prøvane, er nøgd om han får eit glas vin og ei jente. Pamina er fortvila over den stumme Tamino og vil helst døy, men blir stoppa av tre gutar som fortel henne at Tamino elskar henne. Ho blir på nytt sameina med Tamino, og dei må gjennomgå den siste prøven av eld og vatn saman. Ved hjelp av tryllefløyta kjem dei seg uskadde gjennom. I mellomtida har Papageno med klokkespelet sitt og med hjelp frå dei tre gutane funne sin store kjærleik, Papagena.
Saman med Nattas dronning prøver Monostatos å stoppe sameininga av Tamino og Pamina, men utan å lykkast. Tamino og Pamina blir til slutt tilbedne som gudar av Sarastro og krinsen hans.
Artikkelen er publisert 8. november 2022.
SPORV OG ENGEL
Daniel Große Boymann og Thomas Kahry
Kjøp billett
Radikalt forskjellige, men med den same kjærleiken til kunsten. Dette er forteljinga om venskapen mellom Marlene Dietrich og Edith Piaf.
La vie en rose, Milord, Sag mir, wo die Blumen sind eller Non, je ne regrette rien …
Forestillingen spilles følgende datoer: 24/3, 28/3, 29/3, 31/3, 14/4, 19/4, 21/4, 22/4, 25/4, 28/4, 29/4, 3/5, 5/5, 11/5, 19/5 og 20/5.
Sted / Scene: Det Norske Teatret - Scene 2 (enkelte datoer på Hovedscenen)
Marlene og Edith
Ei er dotter av ein prøyssisk offiser, den andre er barnet til ein sirkusartist og gatesongar. Ei veks opp på privatskole i Weimar, den andre i eit horehus i Normandie. Ei skiftar partnar som andre skiftar klede. Den andre drøymer om evig kjærleik. Ei døyr som 91-åring, som den største stjerna Tyskland har fostra. Den andre døyr berre 47 år gammal, og Frankrike bryt ut i landesorg. Over 40 000 følgjer kista hennar på den siste ferda.
Intens venskap
Marlene Dietrich, den blå engelen, og Edith Piaf, sporven frå Paris, møtest i 1948. I New York er det mogleg for Marlene å gløyme at ho er tysk, og for Edith at ho ein gong var ein simpel tiggar. Takka vere Dietrich blir Piaf tatt inn i dei høgare krinsar i verdsbyen. Frå da av deler dei to divaene eit intenst vennskap, som kanskje er sannare og djupare enn dei mange kjærleiksaffærane deira med andre.
Ann-Christin Rommen kjem tilbake til Det Norske Teatret for å undersøke kva dette overraskande og rørande forholdet mellom desse to kvinnene kan ha vore. Rommen har vore co-regissør ved Robert Wilsons oppsettingar av Peer Gynt og Edda. Med seg har ho kostymedesignar Julia von Leliwa og scenograf Jens Sethzman.
To ikon – to verder
Ei pelskledd diva med ei kjøleg skjønnheit. Eit lite løvetannsbarn med ei stor og ugløymande røyst. To verdskjente stjerner, men også to gode venninner. Ingeborg Sundrehagen Raustøl og Gjertrud Jynge skal portrettere to av Europas mest ikoniske songarar frå det tjuande hundreåret denne våren.
Dramsyninga Sporv og engel er ei historie om eit venskap som ikkje alltid var så enkelt. Marlene Dietrich og Edith Piaf klarte det kunststykket å halde det djupfølte vennskapet og kjærleiksforholdet skjult for den store offentlegheita, trass i det verdsomspennande renommeet.
På Det Norske Teatret står to av ensemblets meir songsterke damer klare til å dykke ned i fellesskapet som desse to delte. Det er eit gripande kapittel i europeisk kulturhistorie med store hits og mindre kjente perler som no skal løftast inn på scenen.
EI KVINNES KAMPAR OG
FORVANDLINGAR
av Édouard Louis
Sted / Scene: Det Norske Teatret Scene 2
Forestillingen spilles følgende datoer: 17/2, 21/2, 24/2; 25/2, 1/3, 2/3, 4/3, 8/3, 9/3, 11/3, 16/3, 18/3, 25/3 og 15/4.
Eit ømt morsportrett.
«Eg finn ikkje dei rette orda for å forklare det, men alt på dette bildet – måten ho poserer på, blikket, hårets rørsler – uttrykker fridom, det å ha ei endeløyse av moglegheiter framfor seg, og kanskje også lykke.»
Forteljinga startar med eit fotografi. Eit bilde av ei ung kvinne. Eg-personen ser eit menneske som er fritt, lykkeleg, i full fart på veg mot framtida. Eit menneske som både liknar og slett ikkje liknar på mora han hugsar frå oppveksten.
Med Ei kvinnes kampar og forvandlingar (Boktittel: En kvinnes frigjøring) har forfattar Édouard Louis skrive eit ømt og skarpt morsportrett. Frå oppveksten hugsar han ei utsett og undertrykt kvinne som oppdrog fem barn i fattigdom. Men nett som sonen har gjort, bryt mora opp. I godt vaksen alder skapar ho seg eit nytt liv.
Fransk forfattarkomet
Édouard Louis suste inn på den litterære scenen i Frankrike med boka Farvel til Eddy Bellegueule i 2014. Boka, som er eit personleg oppgjer med ein vond oppvekst på den franske landsbygda, fylt av mobbing og vald, skapte enorm debatt da ho kom.
Seinare har han utgitt fleire biografiske romanar der han blottstiller seg sjølv og familien, som Voldens historie og Hvem drepte faren min. For Louis er det personlege politisk. Gjennom romanane sine har han mellom anna reist spørsmål om klasseskilje, rasisme og frigjering i det moderne Frankrike, med utgangspunkt i si eiga familiehistorie.
Bok til teater
I Noreg har regissør Kjersti Horn tilrettelagt fleire av bøkene til Louis for scenen i samarbeid med Emil Johnsen. Våren 2023 er det boka En kvinnes frigjøring dei tek for seg: ei historie om oppbrot og forsoning – og lengt etter fridom. Sven Haraldson er med som scenograf og kostymedesignar. På scenen står Sigrid Husjord og Emil Johnsen.
Historien
Historia vår - trass alt!
DET NORSKE TEATRET·TORSDAG 25. JANUAR 2018·
«Lat då stå til!
Lat oss grunnleggje
Det Norske Teatret!»
ropte Arne Garborg i 1912.
Hulda hadde truleg puffa på han:
«Syng ut, du, for du blir truleg hørt!»
Hørt vart ho elles sjølv
– og ikkje minst sett, vil eg tru –
der ho med spelflokken sin
alt var i sving
utover det ganske land
med nettopp å grunnleggje
Det Norske Teatret.
Men grunnsteinane, sa Garborg – kanskje hadde han
det frå Hulda, det òg – grunnsteinane var det
ungdommen rundt om i landet som la
ved sin trong til teater
og ved dei spelstykke-framsyningar
dei sjølve fekk i stand. «
Dette vesle utdraget frå prologen til Halldis Moren Vesaas, skriven til opninga av nybygget i 1985, gjev eit godt bilete av drivkreftene i teatrets historie. Det var og er ein del av ei folkerørsle der vidareføringa av Ivar Aasens målreisingsarbeid var både mål og middel. I føremålsparagrafen for DNT frå 1913 står det derfor at ein skal «syna fram skodespel på norskt mål i bygd og by». Å leggje eit nynorskteater til hovudstaden, sjølve senteret for embetsmannskulturen og den dansk-norske språktradisjonen, var sjølvsagt eit vågestykke, men også heile poenget. Det var her striden måtte førast. Og noko mindre enn det smålåtne namnet «Det Norske Teatret» kunne ikkje duge. Inspirasjon til «målteatret» hadde Hulda og Arne Garborg henta i Berlin, frå sine reiser dit i 1890-åra og omgangen med kunstnarar ved «Freie Volksbühne», eit folkeleg selskap for litteratur og teater.
Sjå gjerne denne filmen som oppsummerer historia vår - og kva vi jobbar for i dag: https://vimeo.com/187384388
DET NORSKE SPELLAGET
Grunnlaget var ein flokk på 13 amatørskodespelarar frå ulike deler av landet som Hulda Garborg samla rundt seg frå hausten 1910. Mellom dei var sunnmøringen Edvard Drabløs som er ein av dei store namna i DN T-soga. Dei prøvde på tre stykke; Ei hugvending av Hallvard Hande, Ervingen av Ivar Aasen og Varg i Veum av Ivar Mortensson Egnund. Frå januar 1911 la dei ut på ein omfattande turné i heile landet under namnet Det Norske Spellaget. Trekkplastra var Hulda Garborg sjølv og den kjende Valdresspelmannen Olav Moe. Turnéen starta i Solør og i avisa «Den 17. mai» stod dagen etterdenne meldinga; «I går kveld spela Hulda Garborg og fylgjet hennar her i Solør. Det store huset var overfylt. Dei spela Ervingen og Ei hugvending. Det gjekk med liv og lyst so fleire gonger var det fagning for opi scene. Daa teppet gjekk ned, vilde fagningi ingen ende taka. For spellaget og landsmålet vart det ein stor siger.» Men spellaget vart òg møtt med pipekonsertar, som i Hamar og Trondheim. Det var lyden av den norske språkstriden.
For si tid var dette eit dristig teatereksperiment, og for det som skulle blir Det Norske Teatret, var det både god propaganda og nyttige røynsler å ta med. Fram til sommaren 1912 hadde dei spelt 200 framsyningar og synt at det både fanst skodespelaremne og publikum for eit nynorskteater.
L/L DET NORSKE TEATRET
vart skipa 22.11.1912. Ihuga målfolk frå heile landet hadde teikna seg for luter à kr 15. Til skipingsmøtet hadde det kome inn kr 11675. Hulda Garborg vart vald til styreformann og den garva skodespelaren Rasmus Rasmussen vart den første teatersjefen. Teatret heldt si kunstnarlege opningi Kristiansand 2. januar 1913 med blant anna «Ervingen» av Ivar Aasen og «Rationelt fjøsstell» av Hulda Garborg på programmet. Desse stykka vart spelt oppover langs Vestlandskysten medan dei øvde inn Arne Garborgs nyomsette «Jeppe på Berget», som fekk premiere i februar og gjorde stor lykke i Møre-byane. Turneen heldt fram over store deler av Sør-Noreg og vart møtt med stort sett gode kritikkar. Berre nokre få stader var det organisert «demonstrasjonar» og overnattingsboikott.
Den offisielle opninga var i Kristiania, 6. oktober same hausten. «Jeppe på berget»i teatersalen i Bøndernes Hus samla konge, statsminister og landets fremste kvinner og menn. I ein kort tale etterpå sa Hulda Garborg mellom anna; «Det er ein draum det som har hendt i kveld – at me hev opna eit teater med norsk talemål i Kristiania og er komne fraa det med livet. (…)» Men ei veke seinare kom reaksjonen. Riksmålsgymnasiastane organiserte den lengste pipekonserten i europeisk teaterhistorie. Det utvikla seg til skikkelege basketak, som enda i politirazzia og arrestasjonar. Og det heldt fram seks kveldar på rad.
STORE PROFILAR
Det første ti-året følgde repertoaret planfast eit nasjonalt mønster. Det vart ført fram ei mengd skodespel frå norsk bondeliv. Anten nasjonalromantiske song- og dansespel som hadde ein rik tradisjon i amatørteaterlaga, romantiske sogespel eller realistiske problemstykke med forsøk på psykologisk karakterskildring. Det var sjølve det bondenorske – både miljøet og psyken – som bokstaveleg tala fekk munn og mæle på scenen. Og ensemblet fann fram til ein bonderealistisk stil som verka ekte. Men ensemblet utvikla òg ein markant profil som ein ikkje fann på noko anna norsk teater, og utvikla særmerkte skodespelarar som t.d. Lars Tvinde og Edvard Drabløs, og etter kvart Tordis Maurstad og Astrid Sommer. Tilsetjinga av Agnes Mowinckel som fast instruktør i 1923 er eit kunstnarleg tidsskilje i historia til Det Norske Teatret. Med 13 oppsetjingar etter kvarandre innførte ho ein moderne og profesjonell regikultur og eit nytt repertoar som drog unge og spennande krefter til teaterhuset. Dessverre hadde ikkje teatret råd å halde på henne, men det var eit løft kvar gong ho seinare gjesta som instruktør og skodespelar, og det gjorde ho medjamne mellomrom med i alt 30 oppsetjingar fram til 1950. Knut Hergel og Hans Jacob Nilsen hadde som teatersjefar i dei neste tiåra også mykje å seie for utviklinga av eit moderne og meir internasjonalt repertoar og eit meir moderne scenisk formspråk. Begge var nyskapande instruktørar. Hergel med monumentale framsyningar som «Medmenneske» og «Antigone», Nilsen med dristige «avromantiserte» versjonar av «Jeppe på Berget» og i ei særstilling «Peer Gynt». Ibsens klassikar med ny musikk av Harald Sæverud fekk premiere våren 1948 og skapte europeisk teaterfurore. Teaterfolk frå fjern og nær kom for å sjå denne dristige nytolkinga og til dags dato er det den oppsetjinga som har ført teatret ut på flest internasjonale gjestespel.
TORMOD SKAGESTAD
Under Tormod Skagestad si lange sjefstid (1960 – 1979) styrkte Det Norske Teatret sin posisjon både kunstnarleg og økonomisk. Klassikarar som Shakespeare, Ibsen, Strindberg, O`Neill, Brecht m.fl. kom i nye og spennande oppsetjingar, ofte med internasjonale gjesteinstruktørar og scenografar som kom med nye og viktige impulsar.
Men det som nok særmerker perioden er at Det Norske Teatret utviklar seg til eit leiande musikkteater i Norden. Internasjonale suksessar som «West Side Story», «Spelemann på taket» og «Mannen frå La Mancha» gav teatret ry, og fleire musikkspel som bygde på norsk materiale, som Prøysens «Trost i taklampa» til musikk av Finn Ludt og Falkbergets «Bør Børson jr.» med Egil Monn-Iversen som komponist vart òg dundrande suksessar.
Egil Monn-Iversens sikre nase og breie musikalske orientering var sjølve grunnlaget for denne bevisste satsinga. Musikalane gav teatret eit stort, nytt publikum og styrkte ensemblet. Samstundes vart Scene 2, intimteatret i Rosenkrantzgate, eit begrep for alle som var interesserte i moderne, eksperimentell, europeisk og nordisk dramatikk. Men scenen var også ein stad for ukjende klassikarar, litterære program og barneteater. Scene 2 vart heilt særleg Samuel Becketts teater, gjennom dei personlege tolkingane til Bjørn Endreson.
KULTUR- OG TEATERHUS
Eit anna viktig vendepunkt i teatrets historie er at den «evigvarande» byggesaka endeleg vart ført fram til ein lykkeleg slutt da nybygget stod ferdig i 1985. Det Norske Teatret vart landets største og mest moderne dramatiske teater. Nybygget har gjort det mogleg å utvikle teatret til eit levande kulturhus med aktivitetar for barn, Lunsj&Lyrikk, matinear, konsertar, kunstutstillingar og utleigeverksemd. Men først og fremst har det gjeve teatret tidsriktig speleplass i tre ulike, og på kvar sine måtar, utfordrande scenerom.
Svein Erik Brodal (1979-1990) vidarefører repertoarpolitikken og aukar aktiviteten i det nye huset, med særleg vekt på nye norske stykke og nye røyster i verdsdramatikken. Han fekk elles oppleve to av de største musikalsuksessane i teatrets historie, «CATS» (1985) og «Les Miserables»(1988) som båe gjekk for fulle hus i nesten eitt år.
I Otto Homlung (1990-97) og Vidar Sandem (1997- 2010) sjefsperiodar har teatret halde fram med å utvikle profilen til dei tre scenane. Prøvesalen er staden for den meir eksperimentelle dramatikken. Her set teatret opp ny norsk dramatikk og dramatikk som prøver ut nye former. På Scene 2, er fokuset ny dramatikk generelt og nytolkingar, men med noko breiare profil enn på Prøvesalen. Dei seinare åra har vi òg fått fram nyskrive barneteater i eit mindre format på denne scenen.
Erik Ulfsby tok over som teatersjef frå 2011 og Prøvesalen vart Scene 3; ein arena for store opplevingar i lite format.
På Hovudscenen blir det måla med breiare pensel. Her får publikum møte klassikarane og oppleve internasjonale instruktørnamn som med nye auge og kritisk blikk set i scene dei kjende historiene, og her får dei moderne og samfunnskritisk underhaldning. I tillegg har musikalen sin sjølvsagde plass her, og særleg er det dei siste åra satsa på nyskrivne norske musikalar og store, nyskapande familieframsyningar.
Skodespelarane på Det Norske Teatret bruker sin eigen språklege bakgrunn saman med nynorsken og har på den måten utvikla eit frodig og ofte dialektnært scenespråk som kjem publikum i møte i pakt med dei beste tradisjonane til teatret.
JON FOSSE
Jon Fosse sitt første skodespel, og kanskje det internasjonalt mest spelte, «Nokon kjem til å komme», hadde urpremiere på Det Norske Teatret 26.04.1996. Seinare har teatret hatt urpremiere på fire Jon Fosse-stykke, «Ein sommars dag» i 1999, «Vakkert» i 2001, danseteatret «3ogtosaman» i 2001 og «Rambuku» i 2006. Elles sette teatret opp «Sonen» i 2003. Jon Fosse har og gjort ei rekkje omsetjingar og sjølvstendige bearbeidingar for Det Norske Teatret.
Teatret har tre gonger det siste tiåret gjesta den viktige tyske festivalen i Wiesbaden, («Neue Stücke aus Europa» tidlegare kalla Bonner-biennalen); «Ein sommars dag» av Jon Fosse, regi Gunnel Lindblom i 2000, «Vakkert» av Jon Fosse, regi Kai Johnsen i 2002 og «Ned til sol»av Erlend Sandem, regi Eirik Nilsen Brøyn i 2006.