Back to All Events

Samson & Roberto // Teaterlaget i BUL

  • Adresse og sted: Teatersalen, Nynorskens hus 8 Rosenkrantz' gate Oslo, Oslo, 0159 Norway (map)

Samson, ein engsteleg og svolten hund, og Roberto, ein optimistisk og oppfinnsam katt, bur saman på søppeldynga. Dei har verken mat eller pengar, men dei har kvarandre.

Ein dag kjem det eit brev som fortel at Samson har arva eit forfalle pensjonat – og 14 kroner og 50 øre. Brått opnar ei verd av moglegheiter seg. Men kan dei eigentleg noko om pensjonatdrift? Kva skjer når skatteetaten blandar seg? Kva skal dei servere gjestane? Og kjem dei i mål med pensjonatet før det verdsberømte punkebandet Krakilske Kameratar kjem? Heldigvis dukkar det opp både gode hjelparar og gjestar, og dei har alle sin måte å *kremt* hjelpe til på.

Stykket er basert på Ingvar Ambjørnsen sine populære barnebøker. Samson og Roberto er ei varm forteljing om viktigheita av vennskap og samhald – med masse kjærleik, galskap og humor. Og pærebrus. Masse pærebrus.

Framsyninga passar for barn frå fem og oppover til minst 100 år, og varer i omlag to timar inkludert ein pause.


Regi
: Julie Ibenfeldt Lindvik
Musikk av: Andreas Lyngstad
Dramatisert av: Axel Hellstenius

Forestillinger:

Laurdag 2. desember: Kl.16:00
Søndag 3. desember: Kl.16:00
Måndag 4. desember: Kl.19:00
Onsdag 6. desember: Kl.19:00
Fredag 8. desember: Kl.19:00

Billetter:

https://bul.ticketco.events/no/nb

Event:

https://www.facebook.com/events/1019067269141116

Billettprisar:

Vaksne: 180 kroner
Barn/student/honnør: 100 kroner

Stad:
Teatersalen, Nynorskens hus
Rosenkrantz gt 8, Oslo

Earlier Event: December 2
Julemarked på SALT - av Oslos Supermarked
Later Event: December 3
JULEVERKSTED I VIGELANDMUSEET