ALLE FORESTILLINGER I OSLO / NYDALEN
Riksteatret
Riksteatret er heile landet sitt teater. Vi er til for at folk i heile landet skal ha tilgang til scenekunst av høg kvalitet – same kor i landet dei bur.
Riksteatret vart oppretta ved lov etter andre verdskrigen, som del av den kulturelle gjenreisinga av Noreg:
"... for å fremja arbeidet med å føra dramatisk kunst ut til folket i bygd og by og på andre tenlege måtar å auke kjennskapen til god dramatisk kunst.»
Lov om Riksteatret, 13. desember 1948
HEILE NOREG
Publikummet vårt er alle som bur i Noreg. Vi speler teater på stader som ligg så langt frå einannan at dei like gjerne kunne ha lege i kvar sin ende av Europa. Det medfører at vi må fortelje historier som kan sameine oss, på tvers av dei mange små og store forskjellane vi lever med her i landet – historier vi alle kan kjenne eigarskap til, trass i kor vi bur.
Om vi skal nå fram til alle, vert det gjerne ikkje meir enn éin dag på kvart besøk. Kvelden etter er vi på ein ny plass. Desto viktigare er det då at vi byr på det beste. Tilskodarane skal vere trygge på at når Riksteatret kjem, får dei teater og scenekunst av beste slag.
STARTA I FINNMARK
Den aller første Riksteatret-turneen var «En reise i natten» av Sigurd Christiansen. Turneen gjekk frå Finnmark 16. juli 1949, eit fylke som hadde vore særleg hardt råka av krigshandlingane. Riksteatret sin første sjef, Frits von der Lippe, hadde «Riksteatret – hele landets teater» som motto.
NOREG SITT NASJONALE TURNÉTEATER
Riksteatret speler i dag på 74 kulturhus over heile landet. I løpet av eitt år sender vi ut 10 til 12 teaterproduksjonar på turné og har om lag 400 framsyningar for 150 000 – 200 000 tilskodarar.
Framsyningane til Riksteatret er store, påkosta produksjonar som vert spelt i fullskalaformat i kulturhusa på kveldstid. Når turnégjengen kjem til ein ny spelestad, vert alt det tekniske utstyret bore ut av turnébussen og inn i kulturhuset.
I løpet av nokre få timar har den tekniske staben til Riksteatret bygd opp dekorasjonen og rigga lys- og lydanlegg. Dei har hengt opp og klargjort kostymane for kvelden og gjort seg kjent med dei lokale tilhøva for å sørge for at tilskodarane får ei best mogleg oppleving av framsyninga.
Vi speler éin dag på kvar plass – seks dagar i uka. Til saman reiser Riksteatret meir enn 130 000 km i året med buss, og har meir enn 8000 hotelldøgn i året. På det meste kan teatret ha fem til seks produksjonar på vegen samstundes.
Riksteatret er ein underliggjande etat til Kulturdepartementet. Arne Nøst er i dag sjef for Riksteatret. Han tok over stillinga 1. april 2020 etter Tom Remlov, som då hadde styrt teateret i fem år.