
Livmødre – Dansekompaniet Mamelukk
TIRSDAG 8. MARS 2022 KLOKKEN 19:00
Livmødre – Dansekompaniet Mamelukk
Arrangement av Riksscenen, Susanne Marko og 2 andre
Sted: Riksscenen
Billetter
www.riksscenen.no/dansekompaniet-mamelukk-liv.6425165-515567.html
Billettluka og baren åpner en time før arrangementet starter.
Forestillinga Livmødre med dansekompaniet Mamelukk
Kvinnekroppen endrar seg i naturleg syklus kvar månad, og gjennom store overgangar som å bli mor.
5 kvinnelege dansarar utforskar korleis desse overgangane kan tematiserast i hallingtakt. Er det mogeleg å uttrykke noko av det mest kvinnelege som finst gjennom ein dans som alltid har vore utvikla på menn sine premissar?
Gjennom kreativ prosess rundt menstruasjon, eggløsning og graviditet har me leita etter ny dans via opprivne magemusklar og hattespark som aldri har vorte hylla.
Me ynskjer å vise eit rått og ærleg bilde av korleis det er å vere kvinneleg hallingdansar. Og kanskje er det ein ny type tradisjonsdans som kjem ut på andre sida.
LIVMØDRE av Silje Onstad Hålien, Susanne Marko og dansekompaniet Mamelukk.
Koreograf: Silje Onstad Hålien
Regi: Susanne Marko
Komponist: Selma French Bolstad
Kostymdesign: Signe Vasshus
Lysdesign: Daniel Kolstad Gimle
Foto: Vegard Breie
Utøvere: Anita Vika Langødegård, Brigitte Halldis Hegge Blomlie, Margit Myhr, Selma French Bolstad, Silje Onstad Hålien, Solveig Hårdnes, Solveig Wang
Livmødre er ein er laga i samproduksjon med Riksscenen og Sprang med støtte frå Kulturrådet, NOPA, Valdresmuséa, Innlandet og Folkemusikkveka.
Foto: Vegard Breie