Back to All Events

Østenfor sol og vestenfor måne


  • Nasjonalmuseet NORWAY (map)

Opningsutstilling: Østenfor sol og vestenfor måne

Arrangement av Nasjonalmuseet

Sted: Nasjonalmuseet

Billetter

www.nasjonalmuseet.no/ostenfor-sol-og-vestenfor-mane

Utstillinga «Østenfor sol og vestenfor måne» viser eit utval av Erik Werenskiolds og Theodor Kittelsens teikningar som vart laga til dei norske folkeeventyra for nesten 150 år sidan. Peter Christen Asbjørnsen og Jørgen Moe samla inn og skreiv ned desse eventyra som bygger på munnleg forteljartradisjon. Arbeidet vart viktig i den norske nasjonsbygginga. Werenskiolds og Kittelsens teikningar vart trykt i dei første illustrerte eventyrbøkene for barn i Noreg, og utgitt på eit nordisk forlag i København i 1879–87.

Visste du at Asbjørnsen syntest at nokre av Kittelsens trollteikningar var altfor skumle for barn? Kunstnaren fekkk klar beskjed om å teikne fleire av trolla på nytt. I utstillinga får du sjå eksempel på dette frå eventyret om Oskeladden som kappåt med trollet.

Utstillinga er spesielt tilrettelagt for barn og familiar. Her møter du prinsesser, skumle troll, eventyrlege dyr og Oskeladden.

I museets samling er det nærmare 500 eventyrteikningar. Dei utgjer ein sentral del av den norske kulturarven. Mange av teikningane er lysømfintlege og blir difor sjeldan stilt ut.

Museumsbutikkane i det nye museet og i Stasjonsmesterboligen, biblioteket og Bollebar vil vere ope gjennom sommaren. Kafeen er open på laurdagar og søndagar i museets opningstid.

For billettar og meir om utstillinga: nasjonalmuseet.no/ostenfor-sol-og-vestenfor-mane